Flatmoen grustak i Skjåk kommune – driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Reidar Andersbakken AS.

Søknaden om driftskonsesjon gjeld for uttak av mineralske førekomstar på gbnr. 6/1, 6/1/1, 27/3, 27/4, 27/5 og 27/6 i Skjåk kommune. Størrelsen på konsesjonsområdet er 96 dekar og kjem fram av kart på side 4 i høyringsvedlegget.

Forventa årleg uttak er angitt til 15 000 m3 masse, mens planlagt samla uttak er angitt til 300 000 m3 masse. Dette gir ei anteke levetid for uttaket på ca. 20 år. Uttaket si levetid vil bli påverka av marknadens etterspørsel.

Området er regulert til steinbrot og masseuttak, jf. reguleringsplan «Detaljregulering for Hjelmeland masseuttak», vedtatt 30. april 2009.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Onsdag, 3. April 2019