Ersland dagbrudd i Bømlo kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Landmark Maskin AS.

Ersland dagbrudd er lokalisert på del av gnr./bnr. 118/3 i Bømlo kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har i følgje søknaden eit areal på 36,5 daa. Tiltakshavar oppgjev at det skal tas ut totalt 2 000 000 tonn masse. Forventa årlig uttak er 150 000 tonn masse. Førekomsten består primært av byggeråstoff. Det vert i søknaden opplyst at det meste av materialet skal leverast til veg og grøftemasser.  

Området er i kommunens arealplan avsett til råstoffutvinning. Området er i tillegg regulert i reguleringsplan for masseuttak Ersland, vedteken 06.05.2013 med plan id. 201101.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 7. november 2016