Eide pukkverk i Fjell kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Franzefoss Pukk AS.
Eide pukkverk er lokalisert i Fjell kommune og omfattar gnr./bnr. 20/207, 20/283 og 20/305. Totalt volum av uttaket er estimert til 5 600 000 m3, med eit forventa årleg uttak på ca. 110 000 m3. Område for steinbrot omfattar ca. 181 daa og kjem fram av kart på side 4 i høyringsvedlegget. Bergarten er ein banda granittgneis med lyse band beståande av kvarts og feltspat, mens dei mørke banda er biotittførande. Førekomsten har eit bredt bruksområde og har eigenskapar for bruk i asfalt og betong, samt veg- og anleggsarbeid. Det omsøkte området er regulert i vedtak av 08.02.2001, med siste revisjon den 25.08.2005, og svarar til områdane C1 og C2 i reguleringsplanen.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.