Brynestad massetak i Stryn kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Salve Røyrhus.

Brynestad er eit massetak lokalisert på gnr./bnr. 88/9 i Stryn kommune. Det omsøkte området er om lag 67 dekar og går fram av kart på side 25 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er avsett til råstoffutvinning i kommuneplanens arealdel. Vidare er planlegging av detaljreguleringsplan igangsatt for det omsøkte området med plan-ID 2011015 og namn «Brynestad massetak». Det er oppgjeve at førekomsten består av fast fjell som hovudsakleg vil nyttast til vegformål, byggegrunn og pukkmassar. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 30.000 m3 og eit totalt uttak på 550.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 27. oktober 2017