Bruland sandtak i Førde kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Røyseth Maskin AS med org. nr. 911 715 732.

Bruland er eit sandtak lokalisert på gnr./bnr. 60/15, 60/23, 60/24, 60/44 og 60/227 i Førde kommune. Det omsøkte området er om lag 176 dekar og går fram av kart på side 23 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er regulert i reguleringsplan datert 16.12.2004 med plan-ID 20020011 og namn «Bruland - Sandtak». Det er oppgjeve at førekomsten består av lausmassar som hovudsakleg vil nyttast til produksjon av tilslag til betong, pukk, grus og fyllmassar til bygg- og anleggsbransjen i regionen. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 40.000 m3 og eit totalt uttak på 1.300.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 8. februar 2018