Bjørnøya i Haram kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) viser til søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Longva Maskin AS.

Longva Maskin AS har søkt om driftskonsesjon for gbnr. 180/2 og 180/2/1 i Haram kommune. Førekomsten høyrer til i mineralkategorien grunneigars mineral. Innafor uttaksområdet skal tiltakshavaren ifylgje søknadsskjemaet ta ut fast fjell, nærare bestemt gneis, som mellom anna skal nyttast til vegbygging, opparbeiding av byggefelt/boligar og som plastringsstein til sjøfyllingar.

Tiltakshavaren har i søknadsskjemaet opplyst at omsøkt område er ca. 43 daa og at anslått totalvolum for uttaket er 310 000 m3. Longva Maskin AS ser for seg eit forventa årleg uttak på ca. 50 000 m3.

Vidare har tiltakshavaren opplyst at området er underlagt reguleringsplan "Fv 659 Nordøyvegen massetak Bjørnøya", og at planen blei revidert den 23. januar 2017.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 1. februar 2018