Birkeland grustak i Sauda kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 fra Brødrene Selvik AS.

Brødrene Selvik AS søkjer om driftskonsesjon for uttak av løsmassar for Birkeland grustak. Uttaket er lokalisert på eigedomane gbnr.  45/1, 4 og 45/1/1 i Sauda kommune. Omsøkt område er 172 daa, og svarar til området regulert til steinbrot og masseuttak. Ifølgje tiltakshavaren utgjer gjenståande massar innafor omsøkt område opptil 1 300 000 m3. Vidare antyder tiltakshavaren et årleg uttak på om lag 27 000 m3. Uttaksmengden og uttakstakta vil likevel kunne variere noko i tråd med etterspørsel og marknad.

Førekomsten er ifølgje tiltakshavaren ein ressurs som er utvunne over lengre tid allereie. Massane som takast ut blir nytta i all hovudsak i den lokale marknaden. Lausmassane nyttast som tilslag i betong, samt som grøftesand og strøsand. I tillegg blir massane nytta i lokale byggeprosjekt og vegar. Ifølgje tiltakshavar har dei også levert rund-stein (elvestein) i ulike dimensjonar som har vist seg å vere attraktiv for anleggsgartnarar i Haugalandsregionen.

Området er i «Detaljregulering for Birkelandsmoen grustak», med planID 2012-001, vedteken i kommunestyret den 19. juni 2019, regulert til steinbrot og masseuttak.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 11. november 2019