Åsstad masseuttak i Vågå kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressursar (minerallova) frå Einar Mosebakken.

Åsstad masseuttak er lokalisert på gnr/bnr. 147/6 i Vågå kommune. Det omsøkte området er 20,7 dekar. Området er i detaljreguleringsplan med namn Åsstad masseuttak vedtatt 16.12.2014 regulert til masseuttak.

Det vert oppgjeve i søknaden at førekomsten består av morenemasse med innhald som variera mellom silt/leire og stein/blokk. Massane vil i følgje søknad bli brukt til veggrus og leveransar til bygg/anlegg. Totalvolum for uttaket er anslått til 100 000 m3. Forventa årleg uttak er 15 000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 4. mars 2016