Andenes masseuttak i Gloppen kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Helge Olav Nedrebø.

Andenes masseuttak er lokalisert på del av gbnr. 55/2 i Gloppen kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på om lag 32 dekar og framgår av høyringsvedlegget på s. 4 og 5. Tiltakshavar oppgjer at det skal tas ut totalt 850 000 m3 masse. Forventa årleg uttak er 15 000 m3 masse. Området er i reguleringsplan for masseuttak på Vereide, korrigert 26. november 2007, regulert til masseuttak.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengelig i menyen til høyre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Tirsdag, 30. juni 2020